Til Jonas Gahr Støre, AP, stortinget.

DSC01080.jpg

Eg les på nettavisene i dag (14.11.2017.) at Ap og du krev ny handsaming av desse såkalla oktoberbarna, også kalla skjeggebarna, då alderen deira vistnok ofte er uviss.
Ja, Støre. dette får du nok gjennom i stortinget, for i våre dagar synes fleirals-politikarane totalt uansvarlege når det gjeld land og folket sitt ve og vel. Har de rett til å gje opphald til alle og einkvar som har lyst på nordmenn sine opparbeidde velferdgoder? Synes du og ditt parti at det er heilt greit at menneske i andre land berre kan sende sitt avkom til Noreg, og andre land, og la andre samfunn ta ansvar for oppfostinga av deira born? Meinar du og ditt parti at det er slik det skal vere? Når desse så har fått slå rot her så kjem storfamiliane etter med vidare krav til oss.
Dette har de halde på med i 50 år (sidan det starta i 1967) og fylgjene ser vi til dagleg. Limet i samfunnet er borte, folket er splitta og samfunnstoppane som har tilrive seg makt synes stadig meir og meir korrupte. Når limet i eit samfunn/eit folk er borte så vert samfunnet sjukt og denne sjukdomen riv grunnen bort under både velferdsstaten og det meste anna av det som gjorde land og folk sterke og sameinte. Eit sameint folket kunne bygge eit godt samfunn gjennom slit og omsut for fellesskapet, og dei verna landet sitt med eigne liv og blod. 
Kvifor vil du, og dine, øydelegge dette, og ta dykk rett til det ved å handle over hovudet på folket som har sin historiske rett her? Kan de gjere mot folket kva som helst når de kallar dykk politikarar, Støre?
AP har ei dårleg historie når det gjeld å verne landet, her kan eg berre nemne det brotne gevær sin politikk som enda med nazi-Tyskland sin okkupasjon i 1940 til 1945. 
Du seier at det multikulturelle er ditt prosjekt, ja, saman med m.a. fru Brundtland. Du snakkar om ditt store «VI». Du kan ikkje få noko stort «VI» ved å ta frå det folket som har bebudd dette landet gjennom tusenvis av år retten til sjølv å avgjere vår eiga utvikling og vår framtid. Du og ditt stortingsfleirtal vil rett og slett ta frå oss vår heimstadsrett. Noko de langt på veg har klart. Ved usanningar og bedrag har eliten lulla folket inn i ein søvndyssande draum om eit fargerikt paradis. Slik er ikkje verkelegheita, det som de kallar paradis er katastrofe og undergang for oss norske, herr Støre!
Nyleg såg vi ein reportasje frå Afrika der Uganda tok imot tusenvis av flyktningar frå andre land innan sin kulturkrets. Dei fekk seg lappar av Afrika sin grøderike jord til produksjon av eigen mat og til busetjing. Det er slik det må vere, at Afrikas sine enorme landområder kan verte omgjorde til jordbruksland. Men Uganda trong pengar til dette prosjektet.
Tenk, Støre, på neste års Statsbusjett er det sett av 20 milliardar kroner til mottak av asylantar, såkalla «flyktningar» og tilrettelegging på alle vis for slike. Tenk om ein milliard kroner av desse pengane vart brukte til støtte for Uganda og andre afrikanske land for at dei kunne ta seg av Afrika sine eigne menneske på vandring? Og steng grensene for vidare øydelegging av vårt norske samfunn der dykkar plan er å skape det multikulturelle og multietniske oppløysingssamfunnet. Det multietniske og multikulturelle samfunnet si rotløyse gjev oppløysing og sjuke samfunn, slik vi ser det m.a. i USA og i stadig andre land som har vorte lokka til å prøve dette sjølvmordsprosjektet.
Vi ser at eliten ønskjer å halde skjult for oss stadeigne kva kostnadar og andre fylgjer dykkar forvandling av landet vårt  fører med seg. Ikkje eingong de, som utgjev dykk for folket sine talspersonar og tenarar, går av vegen for å føre oss bak lyset. Resultatet på sikt er av vi vil dele skjebne med andre urfok som har vorte overmanna og fortrengde av folkevandringar på røvartokt.
Dei folkevandringane vi opplever i vår tid har sine mektige femtekolonner inne i dei landa som andre ynskjer å overta, og som er dei sivile okkupantane sine velgjerarar. Jussprof. Nikolaus Gjelsvik kalla dette den rette træleæra.
Herr Støre, det er ikkje vi som skal ta oppfostringa av andre statar sine barneflokkar! «Mindreårige asylsøkjarar» er i sjølve ordet ein bløff og eit lureri! Kvifor krev de at vi skal tru på denne svindelen?
Norvald Aasen, 6983 Kvammen   
Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s